
Velkommen som ny student ved HVL i Førde
Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!
Studiestart hausten 2026 er måndag 10. august. Oppstartsarrangementet og resten av oppstartsveka er primært for nye studentar på bachelorprogramma.
Oppmøteregistrering
Om utdanninga du skal starte på har venteliste, treng vi ei stadfesting frå deg ved studiestart om at du har tenkt å starte på utdanninga. Då kan vi eventuelt gi plassen vidare om du har ombestemt deg. Registreringa er digital, og fristen er måndag kl. 10.00. Gjeld dette deg, vil du få ein SMS før studiestart med instruksjonar.
Utdanningar med obligatorisk oppmøteregistrering
Sykepleie
Sykepleie, deltid
Master i anestesisykepleie
Master i operasjonsykepleie
Program for oppstartsveka i Førde
Måndag 10. august
09.00-11.00: Alle nye studentar møter på sitt studieprogram
11.00: Fadrane hentar dei nye studentane til lunsj
11.00-12.00: Lunsj for nye studentar
12.00-12.45: Opningsseremoni i kantina
Fadderaktivitetar:
- Grilling og leik
- Akutten
Tysdag 11. august
10.15-14.00: Fagleg opplegg med introduksjon til m.a. TimeEdit og Canvas.
12.00-14.30: Lag og organisasjonar står på stands på campus.
Fadderaktivitetar:
- Quiz
Onsdag 12. august
10.15-14.00: Fagleg opplegg.
12.00-14.30: Lag og organisasjonar har stands på campus.
Fadderaktivitetar:
- Bar-til-bar
Torsdag 13. august
10.15-12.00: Fagleg opplegg.
12.15-13.00: «God Start»-foredrag v/Saman
13.15-15.00: Fagleg opplegg
Fadderaktivitetar:
- Rafting i elva
- Volleyball
Fredag 14. august
10.15–14.00: Fagleg opplegg
Fadderaktivitetar:
- Temafest Akutten: White lies
Lørdag 15. august
Fadderaktivitetar:
- Vors
- Chris Abolade på Larris Scene
Sjekkliste for alle nye studentar
Følg sjekklista Gjer deg klar til studiestart, så får du rask tilgang til det du treng ved HVL.
Skal du ta master eller vidareutdanning?
Samlingsbaserte utdanningar, masterprogram, vidareutdanningar og realfarskurs kan ha oppstart ein annan dag enn 10. august. Oppstartsinformasjon for vidareutdanningar, finn du på nettsida til vidareutdanninga du skal ta. Skal du begynne på realfarskurs, ei utdanning som er samlingsbasert eller eit masterprogram, finn du oppstartsinformasjon her:
Studiestart for samlingsbaserte utdanningar og masterutdanningar
Bachelorprogram
Elektroingeniør | deltid
Første samling: veke 37
Masterprogram
Anestesisykepleie
Oppstart: 17.08.2026 kl. 09.15.
Anvendt datateknologi og ingeniørvitenskap, datavitenskaplig retning
Oppstart: 11.08.2026 kl. 10:15 VIE1044 Dahl
Anvendt datateknologi og ingeniørvitenskap, ingeniørvitenskapelig retning
Oppstart: 11.08.2026 kl. 10:15 VIE1044 Dahl
Avansert klinisk allmennsykepleie
Digital oppstartsdag: 18.8.2026
Intensivsykepleie
Oppstart: 17.08.2026 kl. 09.15.
Operasjonsykepleie
Oppstart: 17.08.2026 kl. 09.15.
Samhandling og folkehelse
Sjå informasjon om samlingar på nettsida: Samhandling og folkehelse
Er du ikkje ny student?
Er du allereie student hos oss? Då finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.
Få tak i pensum