
Studiestart 2026
Velkommen som ny student ved HVL! Her er alt du treng å vite om studiestart.
Studiestart hausten 2026 er måndag 10. august, men kva dag dei ulike studieprogramma startar opp kan variere. Sjekk timeplanen din eller anna informasjon du får frå oss.
Gjer deg klar til studiestart!
Etter at du har takka ja til studieplass på HVL, er det nokre ting du må gjere.
Dette gjer du FØR studiestart
1. Sjekk tid og stad for oppstart
Din studiestart kan variere. Det kjem an på kva du skal starte på. Sjekk gjerne nettsida til studieprogrammet, timeplanen din eller anna informasjon du får frå oss.
2. Aktiver brukarkontoen din
Brukarkontoen treng du for å logge inn på alle HVL sine system, som Studentweb, Canvas, trådlaust nett, studentbevisappen, med meir. Kontoen er knytt opp mot Feide.
Ny student ved HVL: Du vil først få ein e-post frå oss når du er oppretta som student. Dette skjer rundt 1. august. Deretter vil du få ein ny e-post når brukarkontoen din er oppretta og klar til å aktiverast. Ver merksam på at det i periodar kan ta opptil to døgn frå du får den første e-posten til kontoen din er klar til aktivering.
Det er dessverre nokre forseinkingar i oppretting av brukarkontoar. Vent på e-post om at kontoen er klar til å aktiverast. Merk at du kan gjennomføre semesterregistreringa i Studentweb om du loggar deg på med ID-porten.
Ny student utan norsk personnummer: Aktiver brukarkontoen din ved å følge lenka i e-posten (sjekk søppelpostmappa om nødvendig). Bekreft med eingongskoden sendt via SMS, godta IT-reglementet og personvernerklæringa, og lag passordet ditt. Til slutt, noter brukernamnet og e-posten din, som blir di Feide-pålogging.
Du får også ein e-postkonto. Viktig informasjon frå HVL blir sendt til denne e-postadressa, og du må sjekke den jamnleg.
Sjå korleis du får tilgang til IT-systema.
Får du problem med aktivering av brukarkonto etter at du har fått e-post og venta 1–2 timar, kan du kontakte it-hjelp@hvl.no
Er du allereie student ved HVL? Då treng du ikkje aktivere brukarkonto på ny, men merk at kontoen fekk ny utsjånad i 2025 og nokre nye funksjonar. Har du gløymt passordet ditt kan du endre dette under «Gløymt passord».
Tidlegare studentar som må aktivere brukarkonto vil få e-post om dette.
Her kan du lese meir om brukarkonto ved HVL.
3. Semesterregistrer deg
Semesterregistrering vil seie at du i Studentweb:
- godkjenner utdanningsplanen din (melder deg opp til undervisning og eksamen for dei emna du skal ta. Hugs at dette også gjeld praksisemne)
- oppretter faktura og betaler semesteravgift.
Vanlegvis tek det opptil tre dagar før betalinga av semesteravgift blir registrert og er synleg i Studentweb. Vi har for tida tekniske problem som gjer at registreringa kan ta lengre tid enn vanleg.
Ny student ved HVL: Etter du har fått e-post frå oss og aktivert brukarkontoen din, kan du logge deg på Studentweb med Feide-pålogginga di og semesterregistrere deg. Du kan også logge på Studentweb med ID-porten.
Som regel er emna allereie lagt inn i systemet for deg, så du treng berre å godkjenne utdanningsplanen og betale semesteravgift. Dersom noko blei feil, kan du endre registreringa i ettertid.
Vi har laga ei oppskrift på korleis du semesterregistrerer deg.
Merk: Siste frist for å semesterregistrere deg om hausten er 1. september, og dette ligg inne som forfallsdato i Studentweb. Det kan vere lurt å endre forfallsdatoen til dagens dato, slik at du ikkje må vente på studielån, studentbevis med meir. Siste frist om våren er 1. februar.
Er du allereie student ved HVL? Bruk Feide-pålogginga di til Studentweb for å semesterregistrere deg. Du treng ikkje aktivere brukarkontoen din på ny. Har du gløymt passordet ditt, kan du lage nytt i brukarkontoen din. Velg «Gløymt passord».
Får du problem med:
- godkjenning av utdanningsplan, kontakt studierettleiar
- faktura for semesteravgift, kontakt semesterreg@hvl.no
4. Treng du politiattest, utstyr eller tilrettelegging?
Politiattest
På ein del studium er det krav om å levere politiattest ved studiestart. Dette gjer du via Studentweb. Du kan bestille etter du har semesterregistrert deg (sjå punkt 3).
Korleis du leverer den gyldige politiattesten til HVL, og meir info om politiattest finn du her.
Utstyr
Nokre utdanningar har krav til utstyr som du må skaffe deg, eller anbefalingar som det kan vere greitt å kjenne til.
Tilrettelegging
Treng du tilrettelegging? Det kan vere for eksempel grunna funksjonsnedsetting, verv eller særskilte behov. Vi anbefaler at du tek kontakt med oss så snart du har fått studieplass. Meir om tilrettelegging og kontaktinfo finn du her.
5. Søk Lånekassen
Etter du har fått studieplass, kan du søke om stipend og lån hos Lånekassen.
Nokre utdanninger hos oss har same namn. F.eks. når utdanninga går på fleire campus. Då kan du bli bedt om å velje kva kode utdanninga har. Vi har laga ein oversikt slik at du vel riktig utdanning.
Før Lånekassen overfører til deg må du:
- ha betalt semesteravgift innan fristen (sjå punkt 3)
- vere oppmeldt til undervisning (sjå punkt 3)
Merk deg at du må endre forfallsdato på semesteravgifta frå 1. september til ein tidlegare dato om du ikkje vil vente på studielånet.
På Studentweb, under Meldingar, vil du sjå om dette er registrert i HVL sitt system. Får du likevel problem med utbetaling, ta kontakt med Lånekassen.
Dette gjer du VED studiestart
6. Registrer deg ved oppstart
Om utdanninga du skal starte på har venteliste, treng vi ei stadfesting frå deg ved studiestart om at du har tenkt å starte på utdanninga. Då kan vi eventuelt kan gi plassen vidare om du har ombestemt deg. Registreringa er digital. Gjeld dette deg, vil du få ein SMS før studiestart med instruksjonar. Det ligg òg informasjon om kva for utdanningar dette gjeld på desse nettsidene:
- Oppmøteregistrering i Bergen
- Oppmøteregistrering i Førde
- Oppmøteregistrering i Haugesund
- Oppmøteregistrering i Sogndal
- Oppmøteregistrering på Stord
- Oppmøteregistrering for nettstudium
Får du problem med registreringa, kontakt opptak@hvl.no innan fristen. Hugs å ta med søkarnummer eller studentnummer.
Det er altså ikkje obligatorisk å møte opp fysisk til studiestart, men vi anbefaler det sterkt. Du får mykje informasjon denne dagen, og eit første møte med klassen din.
7. Gjer deg kjent i Canvas
Canvas er læringsplattforma vår. Her finn du all informasjon du treng om emna du skal ta, undervisning og kontakt med forelesarar. Her vil du også få opp timeplanen din og pensumliste.
Du må aktivere brukarkontoen din og semesterregistrere deg for å kunne logge inn (sjekk punkt 2 og 3).
Vi tilbyr Canvas-kurs (webinar) for studentar, både på norsk og engelsk.
8. Sjekk timeplanen
Du finn timeplanen i TimeEdit. Det kan bli endringar, så sjekk igjen i dagane rundt studiestart.
9. Skaff deg studentbevisappen og studentkort
For å kunne bruke studentbevisappen og få studentkort, må du ha aktivert brukarkontoen din og semesterregistrert deg (sjå punkt 2 og 3).
Studentbevisappen fungerer som studentbevis for å få studentrabatt og liknande. Les meir om Studentbevisappen
Studentkortet er eit fysisk kort, som gir deg tilgang til bygg og rom på din campus. Tilgangen samsvarar med ditt studieprogram og eventuelle verv.
For å få studentkort loggar du på brukarkontoen din via Feide.
Her kan du lese meir om Studentkortet. Korleis du bestiller, når kortet vil vere ferdig, kor du kan hente, samt kven du spørre dersom du lurer på noko.


