Velkommen som ny student ved campus Stord

Her finn du oppstartsinformasjon og program for studiestartveka. Vi gleder oss til å sjå deg på campus!

Studiestart hausten 2026 er måndag 10. august. Oppstartsarrangementet og resten av oppstartsveka er primært for nye studentar på bachelorprogram og årsstudium.

Oppmøteregistrering

Om utdanninga du skal starte på har venteliste, treng vi ei stadfesting frå deg ved studiestart om at du har tenkt å starte på utdanninga. Då kan vi eventuelt gi plassen vidare om du har ombestemt deg. Registreringa er digital, og fristen er måndag kl. 10.00. Gjeld dette deg, vil du få ein SMS før studiestart med instruksjonar. 

Utdanningar med obligatorisk oppmøteregistrering

Sykepleie
Sykepleie, deltid
Pleie og behandling av ikke-helende sår

Program for oppstartsveka på Stord

Måndag 10. august

09.00–10.30: Nye studentar møter på campus. Dei blir møtt av fadrar og tilsette og går til klasseromma for si utdanning. Romfordeling.

10.40–11.30: Velkomstseremoni i aula for studentar og tilsette, med talar og musikalsk innslag.

11.30–12.30: Matservering i vrimleareal for studentar, tilsette og fadrar. 

12.30–14.00: Fagleg opplegg som blir avslutta med at fadrane møter fadderbarna i klasseromma for info, inndeling og omvising. 

Fadderaktivitetar:

  • 15.00: Saman inviterer til grilling på plattingen ved studentheimen

Tysdag 11. august

10.15–12.15: Fagleg opplegg

12.15–12.45: Lunsj og stands med Sjukepleiarforbundet og Fagforbundet

12.45–14.00: Forfattar Olav Schewe har føredrag om gode studieteknikkar. Forfattaren var sjølv ein heilt gjennomsnittleg student som ved hjelp av teknikkane, blei ein toppstudent ved Oxford. På kurset deler han alt du treng å vite for korleis også du kan lukkast med studiane.

Fadderaktivitetar:

  • 17.00: Farmenlekene med Råmund

Onsdag 12. august

10.15–11.30: Fagleg opplegg

11.30–12.00: Lunsj

12.00–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar:

  • Quiz i Aula med Studenttinget/AU. Dørene opnar 18.00, og quizen startar kl. 19.00.

Torsdag 13. august

10.15–11.45: Fagleg opplegg

11.45–12.15: Lunsj

12.15–13.15: God Start presentasjon v/Sammen. Servicetorget, Læringslab, studentorganisasjonar og studentdemokratiet presenterer seg.

13.15–14.00: Stands med fadrar. 

Fadderaktivitetar:

  • 17.00: Byvandring med Samfunnet.
  • 20.00: Konsert på Arena med Marius Sjo.

 

Fredag 14. august

10.15–11.30: Fagleg opplegg

11.30–12.00: Lunsj

12.00–14.00: Fagleg opplegg

Fadderaktivitetar:

  • 20.00: Samankomst med tema Hawaii på Granheim. 

Lørdag 15. august

Fadderaktivitetar:

  • 20.00: Red flag-fest på Granheim. Sjekk Facebooksida til Studentersamfundet Stord for meir informasjon.

Søndag 16. august

Fadderaktivitetar:

  • 19.30: Filmvising i aulaen ved HVL.

Sjekkliste for alle nye studentar

Følg sjekklista 'Gjer deg klar til studiestart', så får du rask tilgang til det du treng ved HVL.

Skal du ta PPU, master eller vidareutdanning?

Samlingsbaserte utdanningar, masterprogram og vidareutdanningar kan ha oppstart ein annan dag enn 10. august. Oppstartsinformasjon for vidareutdanningar, finn du på nettsida til vidareutdanninga du skal ta. Skal du begynne på ei utdanning som er samlinsbasert eller eit masterprogram, finn du oppstartsinformasjon her:

Studiestart for PPU og masterutdanningar

Kunstfag | master
Oppstartssamling: 19.08-21.08.2026
Sjå også informasjon om samlingar på nettsida for kunstfag

Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag | deltid
Sjå informasjon om samlingar på nettsida for PPU yrkesfag

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag | deltid
Sjå informasjon om samlingar på nettsida for PPU allmenne fag

Praktisk pedagogisk utdanning | integrert master
Sjå informasjon om samlingar på nettsida for PPU integrert master

 

Er du ikkje ny student?

Er du allereie student hos oss? Frå 15. juni finn du tidspunkt for oppstart i timeplanen din. NB! Det kan bli endringar, så sjekk igjen veka før studiestart.

Få tak i pensum

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Ringo Amfi Stord og ARK Amfi Stord, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus. Bruktbokhylla finn du på BIB105 på biblioteket.

Har du spørsmål eller vil du ha hjelp? 

Treng du hjelp med semesterregistrering, aktivering av brukerkonto eller multifaktor pålogging, kan chatboten vår hjelpe deg! Chatten heiter Mime, og du finn han nedst i hjørnet. Mime kan òg svare på andre spørsmål du har.

Du er òg velkommen til å ringe Servicetorget55 58 58 00 alle kvardagar mellom kl. 08:00 til 15:00. (f.o.m. 6. juli - t.o.m. 14. august kan du ringe mellom kl. 09:00 til 14:00).