FD49 Studentdriven rettleiing | Haust 26

Fagdidaktiske moduler | valfri modul

Korleis bruke studentdriven rettleiing som læringsform i undervisninga?

Hopp til

    Påmelding

    Dette er ein valfri modul i studieprogrammet universitetspedagogikk.

    Modulen er retta mot vitskapleg tilsette som ynskjer å implementere studentdriven rettleiing som læringsform i eige emne, og gjennomførast over tre digitale samlingar.

    Modulen plasserer studentdriven rettleiing i eit overordna pedagogisk perspektiv. Vidare får deltakarene ein forskingsbasert innføring i korleis studentdriven rettleiing kan implementerast, med konkrete døme på korleis ein kan legge til rette for at studentane opplever balanse mellom utfordring og meistring både som rettleiarar og mottakarar av studentdriven rettleiing.

    Modulen vektlegg deltakaraktive læringsformer og dialog både om eigne erfaringar og funna frå forsking som vert presentert. I løpet av modulen utviklar deltakarane ein plan for korleis dei vil implementere studentdriven rettleiing i eigen undervisningspraksis.

    Læringsutbytte

    Kunnskapar:

    • Har kunnskap om korleis studentdriven rettleiing kan fremje læring for studentane
    • Har kunnskap om faktorar som bidreg til at studentdriven rettleiing fungerer effektivt med ein balanse mellom utfordring og meistring

    Ferdigheiter:

    • Kan planlegge og gjennomføre evidensbasert studentdriven rettleiing i eigen undervisningspraksis

    Generell kompetanse:

    • Kan gjere greie for korleis studentdriven rettleiing kan implementerast i eige emne i eit overordna pedagogisk perspektiv

    Arbeidskrav

    Mellom samling 1 og 2 skal kvar deltakar:

    • utforme ein skriftleg plan på 400-500 ord for korleis deltakaren planlegg å implementere studentdriven rettleiing i eigen praksis, og sende den til ein annan deltakar som grunnlag for rettleiing 
    • få ein annan deltakar si plan og førebu seg på å rettleie den andre

    På samling 2 skal kvar deltakar rettleia ein annan deltakar og sjølv få rettleiing.

    Mellom samling 2 og 3 skal kvar deltakar:

    • fullføre planen for implementering av studentdriven rettleiing i eigen praksis, med vurderingsmatrise og mal for attendemelding som studentane kan bruke, anslagsvis 800 ord til saman
    • laste opp den komplette planen i Canvas seinast to dagar før samlinga

    På samling 3 skal kvar deltakar presentere den fullstendige planen og delta aktivt i diskusjonar knyt til både eigen og andre sine planar.

    Både fyrste og andre utkast av planane skal vere utforma i tråd med APA7, og litteraturen på lista over pensum i modulen skal nyttast.

    Arbeidskravet vurderast til bestått/ikkje bestått.

    Krav til forkunnskapar

    Ingen

    Tilrådde forkunnskapar

    Innføringsemnet i universitetspedagogikk

    Undervisnings- og læringsformer

    Digital forelesing, samt studentaktive læringsformer som diskusjon, å prøve ut kvarandrerettleiing i par, samt presentasjon i plenum.

    Obligatorisk læringsaktivitet

    • Deltaking på minst 80 % av oppsett tid
    • Godkjent arbeidskrav

    Organisering av modulen

    • Digital samling 1.–10. november kl. 10.15-14.00
    • Digital samling 2.–30. november kl. 10.15-14.00
    • Digital samling 3.–15. desember kl. 10.15-14.00