Inga Margrethe Fagerbakke disputerer
Inga Margrethe Fagerbakke disputerer 25. august 2026 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga Spirer til samtaler - Ein studie av barnehagelærarstudentars samtaledidaktiske val kring samtaler med barn om naturfaglege tema.
Korleis kan framtidige barnehagelærarar leggja til rette for gode samtaler med barn om naturfenomen, dyr, plantar og andre naturfaglege tema? Dette blir utforska i doktorgradsavhandlinga Spirer til samtaler av Inga Margrethe Fagerbakke ved Høgskulen på Vestlandet. I avhandlinga undersøker ho studentane sine samtaledidaktiske val – det vil seia korleis dei deltek i, følgjer opp og leiar samtaler med barn om naturfaglege tema.
Naturfaglege samtaler med barn kan vera utfordrande
Barn er naturleg nysgjerrige. I barnehagen oppstår det dagleg situasjonar der barn undrar seg over det dei ser og opplever, til dømes korleis småkryp lever eller kvifor noko flyt medan noko anna søkk. Slike situasjonar kan danna utgangspunkt for utforsking og meiningsfulle samtaler, men det er ikkje alltid lett å vita korleis ein som vaksen best kan bidra.
Forsking har vist at mange barnehagelærarar og studentar opplever naturfaglege tema som utfordrande, når barn tar initiativ til å samtala om noko naturfagleg, blir det ofte ikkje følgd opp i særleg stor grad. I avhandlinga undersøker Fagerbakke korleis barnehagelærarstudentar samtaler med barn om naturfaglege tema, og korleis dei reflekterer over eigne samtalar. Fagerbakke var deltakar i eit større Erasmus+-prosjekt, SciTalk – Natural Science Talk in Teacher Educations, som hadde som mål å styrka naturfagleg samtaledidaktikk i lærarutdanningane.
Opne spørsmål fungerer ikkje alltid
Avhandlinga byggjer på videoopptak av samtaler mellom barnehagelærarstudentar og barn, og studentar sine refleksjonar over eigne naturfaglege samtaler. Eit viktig funn i studien er at studentane ofte legg stor vekt på bruk av opne spørsmål når dei prøver å få til utforskande samtaler. Analysane viser likevel at opne spørsmål i seg sjølve ikkje er nok. Nokre gonger kan det til og med fungera mot sin hensikt, fordi opne spørsmål også kan bli abstrakte for små barn. Avhandlinga viser at korleis den vaksne deltek i samtala gjennom å lytta, posisjonera seg kroppsleg, følgja opp barnas innspel og gje tenketid og pausar, kan vera minst like viktig. Avhandlinga viser også korleis naturfaglege samtaler i barnegrupper skil seg frå samtaler mellom ein vaksen og eitt barn. Når fleire barn deltek samtidig, oppstår det nye moglegheiter for utforsking og deltaking.
Små interaksjonelle handlingar kan opna eit dialogisk rom der barna enklare kan bidra med eigne tankar og erfaringar. Funna peikar på at me må forstå samtaledidaktikk breiare enn eit sett med metodar og teknikkar, og at studentar treng å utvikla evna til å tolka og byggja vidare på barns ulike måtar å ta initiativ på og på å respondera på det som skjer i samtalen her og no.
Å bli merksam på samtale-spirene
Avhandlinga viser også at videobasert refleksjon kan vera eit nyttig verktøy i utdanninga av framtidige barnehagelærarar. Når studentane får sjå eigne samtaler på video, blir dei meir merksame på korleis språklege og interaksjonelle val påverkar samtalene. Tittelen Spirer til samtaler spelar på at samtaler ofte byrjar som små initiativ frå barn eller vaksne. Nokre spirer veks vidare, andre ikkje. Avhandlinga undersøker korleis studentane sine interaksjonelle val påverkar kva som skjer med desse spirene.
Personalia
Inga Margrethe Fagerbakke (f. 1985) er utdanna allmennlærar med master i undervisningsvitskap, med fordjuping i norsk. Ho er tilsett ved institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet og har vore kandidat ved ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Prøveforelesning
Kl 09.00. Mer informasjon kommer
Disputas
25. august kl. 10.30, Und 103, campus Stord, HVL
Disputasleder
Prodekan for forskning ved FLKI, Oded Ben-Horin
Bedømmelseskomite
- Professor Emerita, Ingrid Pramling Samuelsson, Göteborgs universitet
- Professor Nina Gram Garmann, OsloMet
- Førsteamanuensis Jostein Rønning Sanderud, Høgskulen på Vestlandet
Veiledere
- Professor Sissel Høisæter, Høgskulen på Vestlandet, var hovudrettleiar frå 2019 og fram til ho blei sjuk og seinare døydde i 2025. Etter det har førsteamanuensis Hege Myklebust, Høgskulen på Vestlandet, vore hovudrettleiar.
- Birettleiar har vore professor Margareth Sandvik, OsloMet og førsteamanuensis Yuko Kamisaka, Høgskolen på Vestlandet.