Arbeids- og kompetanseområde

Eg underviser i norsk på lærarutdanninga på Stord, både GLU 1-7 og GLU 5-10, både på syklus 1 og syklus 2, og har gjort det sidan 2004. Eg underviser i språklege emne, skrive- og munnlegheitsdidaktikk, og har tidlegare undervist mykje i grammatikkemne. Eg er også rettleiar for fleire på både master- og phd-nivå

I 2018 disputerte eg med avhandlinga "Spor av dei andre - adressivitet i argumenterande elevtekstar", og i perioden 2021-2023 hadde eg eit postdoc-stipend med fokus på læringssamtalar mellom studentar på barnehagelærar- og lærarutdanningane og borna dei arbeider med i praksisperiodane sine.

Aktuelle prosjekt som eg er og har vore deltakar i er SciTalk, ReTPro, og GeoSite, der eg også er prosjektleiar.

Eg har vore medlem av forskargruppa Orite sidan starten i 2017, og er i dag fungerande leiar for gruppa.



Underviser i

  • Norsk på lærarutdanninga


Forskar på

  • Læringssamtalar
  • Skrivedidaktikk
  • Skriveutvikling
  • Nynorsk


Forskargrupper

Underviser i

Publikasjonar

Vis alle
Laster...