Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Studiekode i Søknadsweb
8654
Kvifor studere Norsk 1?
Norskfaget er grunnleggjande for elevane si læring og utvikling. Denne vidareutdanninga styrkar kompetansen din i eit sentralt fag i skulen, og du får eit tryggare grunnlag for å utvikle undervisninga di i lesing, skriving og språk.
Kva lærer du?
Du arbeider med begynnaropplæring og vidare lese- og skriveopplæring, talemål og skriftspråk og barne- og ungdomslitteratur. Du lærer å planlegge, gjennomføre og vurdere norskundervisning, med særleg vekt på arbeid med elevtekstar.
Studiet er på 30 studiepoeng og består av to emne på 15 studiepoeng. Det eine går i haustsemesteret, det andre i vårsemesteret.
Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Målgruppe
Studiet rettar seg mot lærarar som underviser i norsk på 1.- 7. trinn.
Undervisningsform
Det er to timar obligatorisk nettundervisning kvar veke. Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.
Vi nyttar læringsplattforma Canvas og møteverktøyet Zoom.
Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.
Nettundervisning
Etter at du har fått stadfesta opptak, vil studentane deles i tre klassar (med atterhald om at det er søkjarar til tre klassar, er dette tidspunkta kurset vert undervist på).
HAUST 2026
Studiestart 17.8.26
Grupper vil bli på følgjande tider:
Måndagar 09.00-11 eller 12.00-14.00
Eller onsdagar 09.00-11.00.
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart, vi rådar deg til å starte med grunnlitteraturen før det:
Grunnlitteratur, NOB801N
- Birkeland, T. & Teigland, A-S. (2025). Barnelitteratur. Sjangrar og teksttypar (5 utg). Cappelen Damm Akademisk.
Bjerke, C. & Nygård, M. (Red.) (2021). Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærerutdanning 1–7 (2. utg.). Universitetsforlaget - Breivega, K. & Selås, M. (Red.) (2024). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. ( 2.utg.) Samlaget.
- Kaldestad, P. O. & Knutsen, H. (2019) Diktboka (5. utg.). Cappelen Damm Akademisk.
- Kunnskapsdepartementet. (2024). Læreplan i norsk (NOR1-07). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-07
- Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del –verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/verdier-og-prinsipper-forgrunnopplaringen/id2570003/
- Nygård, M. & Bjerke, C. (Red.) (2021). Norskboka 1. Norsk for grunnskulelærarutdanning 1–7 (2. utg.). Universitetsforlaget.
- Olsen, L. W., Solstad, T. & Storm-Larssen, A. B. (Red.) (2025) Visuell litteratur. Møteplasser i og utenfor bøkene. Fagbokforlaget.
Grunnlitteratur, NOB802N
-
- Birkeland, T. & Teigland, A-S. (2025). Barnelitteratur. Sjangrar og teksttypar (5 utg). Cappelen Damm Akademisk.
- Bjerke, C. & Nygård, M. (Red.) (2021). Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærerutdanning 1–7 (2. utg.). Universitetsforlaget
- Breivega, K. & Selås, M. (Red.) (2024). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. ( 2.utg.) Samlaget.