Kunnskapsbasert praksis

Master

Vil du bidra til å styrke kvaliteten og forbetre praksisen i helse- og omsorgstenestene? Med master i kunnskapsbasert praksis kan du vere med på å sikre at tenestene er verknadsfulle, trygge og involverer brukarane. 

Nettstudium

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag.

    Kandidatar med annan relevant utdanning (f.eks. bibliotek- og informasjonsfag) kan også søke, og vil bli vurdert individuelt.

    Søknadskode

    3069

    Slik søker du

    • Logg inn i SøknadsWeb.
    • Vel opptak Helse- og sosialvitskap.
    • Finn Master/vidareutdanning i helse- og sosialfag + det semesteret du vil starte studiet.
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over). 
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

    Rangering og poeng

    Rangering blir gjort på grunnlag av karakterar, og det blir gitt tilleggspoeng for høgare utdanning.
    Det blir ikkje gitt poeng for arbeidspraksis.

    Informasjon om utrekning av poeng

    Poenggrense forrige opptak

    Alle kvalifiserte fekk plass.

    Om å søke opptak til HVL

    Silje fortel om studiekvardagen


    Kvifor studere master i kunnskapsbasert praksis?

    Det er forventa at helse- og omsorgspersonell tek faglege avgjerder basert på brukarens behov, eigen erfaring og systematisk innhenta forskingsbasert kunnskap.

    Kunnskapsbasert praksis handlar om å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengelege kunnskap frå forsking. Brukaren sjølv, og dei som står brukaren nær, skal også få medverke i avgjerder.

    Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis får du nødvendig kompetanse for å jobbe med kvalitetsbetring, implementering og endringsprosessar i praksis. Å kunne bruke prinsippa for kunnskapsbasert praksis er avgjerande for å lukkast med kvalitetsbetring. 

    Kva lærer du?

    Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis vil du lære å:

    • Reflektere over praksis.
    • Stille presise spørsmål.
    • Søke etter og vurdere kvaliteten på forskingsbasert kunnskap.
    • Nytte forskingsbasert kunnskap.
    • Evaluere endringar i praksis.

    Praktisk informasjon

    Korleis er undervisninga?

    Emnet kombinerer synkron digital undervisning der læring skjer gjennom førelesningar, webinar, diskusjonar, munnlege framlegg, oppgåveløysing og skriftlege innleveringar og asynkrone læringsressursar som videoførelesingar, instruksjonsvideoar, interaktive element og sjølvester.

    Andre arbeidsformer er gruppearbeid, rettleiing i skriftleg arbeid og framlegg, og sjølvstudium.

    Det vil være ein til to digitale synkrone samlingar i semesteret.

    Canvas vert brukt som studiestøttesystem og studentane deltar aktivt i synkrone og asynkrone aktivitetar som digitale økter, gruppe- og individuelt arbeid.

    I alle emne er det obligatoriske læringsaktivitetar som studentane må ha godkjent før dei kan framstille seg til eksamen i emne.

    Det er rekna med om lag 20 timar med studiearbeid per veke i studieåret (inkludert sjølvstudium).

    Samlingdatoar

    Denne informasjonen er ikkje klar enno.

    Vurderingsformer

    Vi bruker ulike vurderingsformer, som til dømes skriftlege oppgåver og heimeeksamen.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Intensivsjukepleiar Ken Åge Kårstad beskriv seg sjølv som ein nysgjerrig person. Eit ønske om å forstå og vurdere grunnlaget for kunnskap som helsetenesta er bygd på, førte han til master i kunnskapsbasert praksis ved HVL.

    Møt Ken Åge

    Studere meir?

    Fullført mastergrad kvalifiserer deg for opptak på ph.d.-studiar.

    Utveksling

    Om du er interessert i studieopphald i utlandet, ta kontakt med fagseksjonsleiar Nina Rydland Olsen.