Neste oppstart våren 2027
Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Studiet tilbys i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco.
Antall studieplasser som tilbys vil variere etter hvor mange deltakere som kommer via Addisco.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere HMS-kultur og leiing: Leiing og endring?
Eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø motiverer tilsette til å yte sitt beste. Noko som igjen kan føre til høgare kreativitet, innovasjon, samarbeid og eit positivt omdøme.
Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS, samt forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift.
Kva lærer du ?
Etter å ha avslutta utdanninga skal du kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar, og gjennomføre gode endringsprosessar i eiga bedrift.
Studiet har følgjande hovudtema:
- Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
- Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
- Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
- Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.
Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen.
Målgruppe
Dette emnet passar for deg som arbeidsmiljø og kva faktorar som fremmar og hemmar eit god og produkstovt arbeidsmiljø. Emnet passar både for deg som er leiar, tillitvalt, verneombod og ansatt.
Emnet blir tilbydd i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, som er eid av forbundet Styrke.
Undervisningsform
Studiet er samlingsbasert med til saman 3 samlingar over 3 dagar.
Arbeidsform vil variere mellom forelesningar, gruppearbeid, presentasjonar og diskusjonar. I tillegg vil kurset være ikt-støtta slik at kontakt mellom deltakarar og forelesarar vil kunne oppretthaldast mellom samlingane.
Tidspunkt for undervisning
Det kjem meir informasjon om tidspunkt for undervisning snart.
Studieavgift og betaling
Studieavgifta inkludera sjølve studiet, bøker og litteratur, samt enkelt servering fredagar og lunsj laurdagar og søndagar på samlingane.
Semesteravgift til studentsamskipnaden Sammen er valgfri å betale for deg på dette studietilbudet. Om du betalar semesteravgift vil du kunne få studentbevis, som kan gje deg studentrabatt ved til dømes kollektiv transport. For å kunne få stønad frå Statens Lånekasse, må semesteravgifta vere betalt. Les meir om semesteravgift her.
Du vil få tilsendt faktura for studieavgifta etter første samling.
NB: Medlemmar av forbundet Styrke kan søke om å få dekka kursavgifta av utdanningsselskapet Addisco. Om du er medlem i Styrke, kan du difor først søke om dette via Addisco sine nettsider.
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs



