Hopp til innhald

MGBKØ241 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.

Emnet skal sjåast i samanheng med Kroppsøving 1 emne 1. Sentralt står vidare utvikling av undervisningskompetanse i begynneropplæring knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslege erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein no i større grad kunne tilpassa undervisninga til den enkelte elev sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera elevenes læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av elevens vekst og utvikling
  • har kunnskap om kva som fremjar bevegelsesglede hos elevar på steg 1-7
  • har kunnskap om vurdering i kroppsøving på steg 1-7
  • har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggja til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet
  • kan gjennomføra skapande og utforskande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
  • kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
  • kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
  • kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving
  • kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske økter, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på turar/ekskursjonar.
  • Akademisk lesing: Førebu og delta med presentasjon på fagseminar.
  • Profesjonsfaglig digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis.
  • Det er krav om 80% oppmøte til undervisning i emnet.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette.Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Praktisk eksamen, 1-3 dagar.

Ein praktisk eksamen der studenten skal planlegga og gjennomføra eit undervisingsopplegg, og gjennomføra ein fagleg samtale i etterkant.

Detaljerte retningslinjer om eksamen vert gitt i eige skriv om eksamen frå faglærar.

Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel