Informasjon om munnleg og justerande munnleg eksamen
På ein munnleg eksamen blir studenten eller studentane eksaminerte munnleg. Justerande munnleg eksamen kan berre nyttast saman med eit føregåande bestått skriftleg eller utøvande arbeid.
Emneansvarleg har ansvar for å arrangere munnleg og justerande munnleg eksamen. Ta kontakt med emneansvarleg dersom du har spørsmål knytt til gjennomføring av munnleg og justerande munnleg eksamen.
- Varigheita på eksamen skal gå fram av emneplanen.
- Munnleg eksamen kan vere fysisk eller digital. Sjå meir informasjon dersom du skal gjennomføre munnleg eksamen digitalt.
- Det er alltid to sensorar på munnleg og justerande munnleg eksamen sidan den ikkje er etterprøvbar.
Dersom du vert forseinka, skal forseinkinga trekkjast frå eksamenstida. Ved meir enn ti minutt forseinkning til munnleg, justerande munnleg eller praktisk eksamen, skal sensor registrere ikkje møtt.
Informasjon om fråvær frå eksamen
Tid og stad for munnleg eller justerande munnleg eksamen
Informasjon om tid og stad for eksamen blir gitt i Canvas. Eksamensperiode, dvs. aktuelle datoar eller startdato for eksamensperioden vil vere tilgjengeleg i Studentweb og i emneplanen på hvl.no.
Grunngjeving og klage på karakter
Det er ikkje mogeleg å klage på karakter på munnleg eksamen, men du kan be om grunngjeving på karakter. Sjå meir informasjon om grunngjeving og klage på karakter her.
Særleg om justerande munnleg eksamen
- Justerande munnleg eksamen blir berre arrangert dersom den tilknytta oppgåva er bestått.
- Studenten skal prøvast i tema som er handsama i det føregåande skriftlege eller utøvande arbeidet.
- Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat opp eller ned med maksimalt ein karakter.
- Sensur på den tilknytta oppgåva skal vere publisert i Studentweb før den justerande munnleg eksamenen.
- Dersom justerande munnleg eksamen blir gjennomført i gruppe, skal det vere presisert i emneplanen om studentane i gruppa skal ha same karakter eller individuell karakter.
Om klage på karakter på justerande munnleg eksamen
- Studenten kan klage på karakter på oppgåva, men ikkje på den justerande munnleg eksamen
- Dersom karakteren på oppgåva blir endra etter ny sensur, skal det gjennomførast ny justerande munnleg eksamen og fastsettast endeleg karakter.