Høgskulelektor

Oda Steindal Romarheim

Oda Steindal Romarheim
Epost: Send epost
Sogndal
GS GS.%204.202A

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er stipendiat i norsk, og forskar på borns dialektveksling i rolleleik. Forsking på språkbruk i rolleleik syner nemleg at born som bur utanfor austlandsområdet, vekslar mellom eiga, lokal dialekt og eit bokmålsnært talemål. Målet med prosjektet er å få kunnskap om små born som skal ha nynorsk som opplæringsmål sin kompetanse i eit bokmålsnært talemål, slik han syner seg gjennom språkbruk i rolleleik. Å få kunnskap om små borns kompetanse i norske varietetar kan seie noko om den fleirdialektale konteksten til desse borna, og kompetansen borna syner i eit bokmålsnært talemål, vil truleg vere ein faktor for deira seinare utvikling av skriftspråklege ferdigheiter. Prosjektet femner såleis om tema som språktileigning og -utvikling, i tillegg til vilkår for språk(opp)læring. 



Underviser i
  • Begynnaropplæring i norsk
  • Tidleg skriftspråkutvikling og -stimulering 
  • Grunnleggjande ferdigheiter med fokus på lesing og skriving
  • Kritisk analyse av tekst
  • Retorikk 

Forskar på
  • Språktileigning og -utvikling
  • Vilkår for språk(opp)læring

Forskargrupper

Lesing, skriving og språkutvikling

Underviser i
  • BSSN801, Barns språkutvikling og språkæring, nettbasert, 25/26
  • MGBNO101, Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa, 25/26, emneansvarlig
  • MGBNO301, Norsk 2, emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1, 25/26
  • MGUNO102, Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap, 25/26, emneansvarlig
  • MGUNO503, Norsk 3, emne 3 - Prosjektførebuande emne, 25/26
  • MGUNO550, Norsk 3, emne 4 - Masteroppgåve, 25/26
  • NOB801N, Norsk 1, emne 1 - Norsk i begynnaropplæringa, 25/26
  • NOB802N, Norsk 1, emne 2 - Norsk på mellomsteget , 25/26