Førsteamanuensis

Kristine Flacké Haualand

Arbeids- og kompetanseområde

Kristine er meteorolog med bakgrunn i geofysikk, matematikk og fysikk. For tida forskar ho på korleis smelting av Jostedalsbreen påverkar regionalt klima. Til dette bruker Kristine ein vêr- og klimamodell som heiter WRF for å undersøkja sensitiviteten til framtidige endringar i isbreutstrekning, topografi og bresjøar. For å validera modellsimuleringane samanliknar ho resultat for notida med lokale vêrdata som til dømes frå vêrstasjonen vår på Nigardsbreen.

I tillegg til områda rundt Jostedalsbreen, er Kristine involvert i forsking og/eller feltarbeid i Jotunheimen, Grønland, Jan Mayen, Svalbard, dei europeiske alpane og Finland. Elles er ho med i tverrfaglege prosjekt innanfor mellom anna glasiologi og naturfare.

Tidlegare har Kristine forska på utvikling av lågtrykk med fokus på korleis intensiteten og strukturen til lågtrykka blir påverka av diabatiske prosessar som skydanning og overflatefluksar frå havet.

Underviser i
  • GE483, Climate Change, Vår 2026
  • GE488, Natural Hazards, Vår 2026
Forskargrupper
Forskningsgrupper

Publikasjonar

Vis alle
Laster...