Arbeids- og kompetanseområde
Eg er førsteamanuensis i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag og underviser i barnehagelærarutdanninga i Sogndal. Eg er leiar for forskargruppa Fleirkulturell og interkulturell kommunikasjon i utdanningssystemet og er FoU-kontakt for lærarutdanningsbarnehagen Stedje barnehage. I tillegg er eg utviklingspartnar for fleire barnehagar i regionane Sogn og Sunnfjord.
Forsking og utviklingsarbeid
Blind-spots in the ECEC-sector
I juni 2024 starta prosjektet «Blind-spots in the ECEC sector», med Monica Hauge Skaten som prosjektleiar og meg sjølv, Thor Erik Sortland og Hilde Hjertager Lund (UiB) som deltakarar. Vi har gjennomført ein omfattande scoping review av empirisk barnehageforskning globalt for å kartleggje korleis sosial ulikskap vert konseptualisert og handtert. Feltet er fragmentert, utan samla innsikt i kva former for ulikskap som vert studerte, kven som deltek, og kva perspektiv som dominerer på tvers av regionar – med tydelege blindsoner i forskingsfronten. Prosjektet har til no generert fire artiklar (ein publisert og tre med planlagt innsending i løpet av hausten 2026).
SognaBLU
SognaBLU er eit partnarskap som vart etablert hausten 2024. Dei seks kommunane i region Sogn har saman med HVL skrive intensjonsavtalar (signert desember 2024), der kommunane tilbyr heiltidsstudentar ved BLU, Campus Sogndal 20% deltidsjobb i ein barnehage og der partane garanterer ein felles innsats for rekruttering. Hausten 2025 starta det første kullet med studentar knytt til denne ordninga. Bakgrunnen for intensjonsavtalane, var den store nedgangen i søkjarar til BLU ved campus Sogndal, som førte til nullopptak hausten 2024 og at kommunane erfarte utfordringar med å fylle pedagognorma i sine barnehagar. SognaBLU inneber eit regionalt, forpliktande partnarskap mellom utdanning, kommunar og barnehagar. Eg har sidan starten vore med i arbeidsgruppa som inneheld representantar frå eigarnivå, Utdanningsforbundet, styrarar, assisterande styrarar, faglærarar,- administrasjon,- og leiing frå BLU. I tillegg forskar eg, saman med Hege Fimreite og Lillian Pedersen, på studentar og barnehagane sine erfaringar med SognaBLU
LEIKFORSK
Hausten 2023 starta eg, saman med Hege Fimreite og Lillian Pedersen prosjektet LEIKFORSK der me saman med kollegaer ved barnehagelærarutdanninga utviklar vår undervisningspraksis. Prosjektet spring ut av EX-PED-LAB og samlar faglærarar frå alle kunnskapsområde i BLU, Sogndal. Prosjektet koplar emne- og studieprogramutvikling med systematisk arbeid med utdanningsfagleg kompetanse. I studieåret 2023/24 rettleia kunstnarane frå Kunstpilotene faglærarar i å gjere undervisninga meir samskapande, utforskande og leikande, og dei gjennomførte verkstader med studentar, faglærarar og barnehagelærarar. I 2025 rettleia leikforskarar og designarar, professor Helle Marie Skovbjerg og postdoktor Mathias Poulsen frå Designskolen Kolding, faglærarane i å utvikle og prøve ut undervisningseksperiment. Faglærarar har gjennom heile perioden møttest jamleg i profesjonsfellesskap der vi utforskar, leikar med og drøftar eiga undervisning. Med utgangspunkt i dette har me vore redaktørar for fagboka "Å vere ein modig maur: Utforsking, leik og samskaping i barnehagen" som vart publisert på Fagbokforlaget sommaren 2026. Fleire av faglærarane involverte i LEIKFORSK har skrive kapittel i denne boka.
EX-PED-LAB: Exploration and Pedagogical Innovation Laboratories
Eg har vore forskar og arbeidspakkeleiar i det NFR-finansierte prosjektet EX-PED-LAB (2021-2025) som fokuserte på utforskande prosessar og pedagogisk innovasjon i barnehagen gjennom verkstadsmetodologi. I prosjektet hadde eg fokus på leiing og organisasjonslæring, familiesamarbeid og verkstadsmetodologien sitt replikasjonspotensiale til barnehagelærarutdanninga. Eg hadde også eit meiransvar for oppfølging og kontakt i samarbeidet med detalakande barnehagar i Kinn kommune.
Samarbeid mellom barnehage og heim - før og under Corona-epidemien
Våren 2020 starta eg og kollega Karin Street studien: "Samarbeid mellom barnehage og heim - før og under Corona-epidemien". Dette var ei kvantitativ studie, der formålet var å undersøke om foreldre og pedagogar opplevde at samarbeidet mellom barnehage og heim endra seg etter at barnehagane opna igjen etter stenging på grunn av Corona-utbrotet, 2020. Styrar/dagleg leiar i 630 barnehagar i Vestland fylke fekk forespurnad om å vidaresende nettbaserte spørreskjema til pedagogar og foreldre i sine barnehagar. Totalt hadde studien 575 deltakarar spreidd utover fylket.
Doktorgradsstudie
02.11.2021 disputerte eg med doktorgradsstudie som har tittelen: Leadership and responsibility: A study of early childcare institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds.
I studien såg eg på inkludering av foreldre med flyktningbakgrunn, der relasjonen og interaksjonen med personalet stod sentralt. Eg undersøkte personalet sin fleirkulturelle kompetanse og behov for kompetanseheving og leiinga sitt ansvar for dette. I studien har eg følgt to barnehagar som deltok i den nasjonale satsinga Kompetanse for Mangfald.
Avhandlinga består av fire artiklar:
Artikkel I - "Jeg savner barnet mitt". Møter mellom somaliske mødre og barnehagen.
Artikkel II - Early childcare as arenas of inclusion: the contribution of staff to recognising parents with refugee backgrounds as significant stakeholders.
Artikkel III - 'Learning by talking?' - The role of local line leadership in organisational learning.
Artikkel IV - Interkulturell kompetanseutvikling - ein studie om leiing av barnehagepersonalet som lærer å lære om foreldresamarbeid
Eg følgte doktorgradsprogrammet "Pedagogiske ressurser og læreprosesser" ved Universitetet i Sørøst-Norge. Heidi Biseth ved USN var min hovudrettleiar og Øyvind Glosvik ved HVL var medrettleiar.
Tidlegare erfaring
Frå januar 2015 til hausten 2016 arbeida eg som høgskulelektor på barnehagelærarutdanninga med hovudfokus på fleirkulturell pedagogikk og leiing i barnehagen.
I 2016-2017 var eg koordinator for Kompetanse for mangfald i Sogn og Fjordane.
Eg har tidlegare arbeida som assistent, pedagogisk leiar og assisterande styrar i barnehage og programrådgjevar i flyktningtenesta.
Utdanning
Eg har bachelor i førskulelærar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, med fordjuping i Global knowledge med 3 månadar praksisopphald i Zambia.
Eg har master i fleirkulturell og internasjonal utdanning frå Høgskulen i Oslo og Akershus med 2 månadars feltarbeid i Sør-Afrika. Tittel på masteroppgåve: "Education in post-apartheid South Africa: A limited approach to social justice and redress".
Eg har doktorgrad i pedagogikk frå Universitetet i Sørøst-Norge, der eg var tilknytt PhD-programmet Pedagogiske ressurser og læringsprosesser.
Forskar på
- Fleirkulturell pedagogikk/makt og majoritet/minoritet
- Leiing i barnehagen
- Foreldresamarbeid
- Inkludering
- Kompetansehevingsarbeid
- Lærande organisasjonar
- Symbolsk makt
- Utdanningskvalitet i høgre utdanning
- Verkstadsmetodologi
Forskargrupper
- Fleirkultur og interkulturell kommunikasjon i utdanningssystemet (FLEKS)
- Kvardagsliv i barnehagen
- Diversity and Citizenship in Education (assosiert medlem - USN)
Publikasjonar
-
Equality blindness in ECEC: global research narratives on social inequality
-
Changing Teaching Roles Through Workshops in Early Childhood Teacher Education in Norway
-
EX-PED-LAB Workshops and the Courage to Co-create
-
Moving beyond collaboration to co-creation with families in early childcare institutions – a study of workshops with parents and staff
-
EX-PED-LAB Prosjekthåndbok