Språkpolitisk utval

Det språkpolitiske utvalet ved Høgskulen på Vestlandet har ansvar for høgskulens språkpolitikk og oppfølging og gjennomføring av dei språkpolitiske retningslinjene. Utvalet skal bidra til auka språkleg medvit og kompetanse ved høgskulen.

Medlemmer

For perioden 1.1.2026 til 31.12.2027:

Mandat

Det språkpolitiske utvalet ved Høgskulen på Vestlandet har ansvar for høgskulens språkpolitikk og oppfølging og gjennomføring av dei språkpolitiske retningslinjene.

Utvalet skal bidra til auka språkleg medvit og kompetanse ved høgskulen, og sjå til at tiltak, tilbod og tenester vert utvikla i samband med det.

Dei reviderte språkpolitiske retningslinjene for HVL er styrka med tanke på at høgskulen skal kunne vere eit språkleg føredøme for norske universitet og høgskular når det gjeld god og rett bruk av språket; særleg nynorsk, men òg bokmål og teiknspråk.

Høgskulen skal finne ein god balanse mellom bruken av norsk og det viktigaste parallellspråket, engelsk, både når det gjeld utdanning, forsking og formidling.