SEFAL - Senter for fysisk aktiv læring
Vi forskar på korleis fysisk aktiv læring kan integrerast i undervisninga, og tilbyr vidareutdanning til lærarar som ønsker å skape ein meir praktisk og fysisk aktiv skulekvardag.
Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) er eit forskings- og kompetansesenter ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Sidan etableringa i 2018 har senteret arbeidd med forsking, utvikling og kompetansebygging for å styrkje bruken av fysisk aktiv læring som ein integrert del av undervisninga i alle fag.


