Forskingsprogram for praktiske og estetiske fagområde (Prest)
Forskingsprogram for praktiske og estetiske fagområde (Prest) er eitt av fire forskingsprogram ved FLKI og utforskar praktiske og estetiske fagområde i utdanning, oppvekst og frivillig sektor.
Om programmet
Programmet er retta mot forskingsaktivitetar knytt til praktiske og estetiske fagområde i barnehage, skule, lærarutdanningar og andre idretts- og kulturarenaer. Programmet samlar såleis forsking på praktiske, estetiske, performative og kroppsleg orienterte praksisar på tvers av fag og campus ved HVL, med særleg vekt på fagområde 1: kunstfag; musikk, drama, visuelle kunstfag, litteratur, og fagområde 2: idrett, kroppsøving, mat og helse og naturfag.
Fagområde 1: Kunstfag
Dette området tek opp problemstillingar knytt til estetisk og kunstfagleg forsking med utdannings- og profesjonsrelevans der det vert forska både på, for og i kunsten, og i samanhengar der kunstnaren, pedagogen og forskaren stundom er éin og same person. Forskinga skal svara på og møta viktige samfunnsutfordringar, men også svara på utfordringar relatert til marginalisering av kunst- og kulturfeltet i utdanning og samfunn. Det vil difor vera naturleg at det innan desse faga også vert forska på kreativitet, estetikk, samspel, handverk, materialitet og danning. Samstundes skal forskinga ivareta og problematisera kulturarv og identitet. Området omfattar såleis forsking på kunstnarlege og estetiske prosessar, kulturmøte og kulturelle uttrykk i utdanning, samfunns- og kulturliv, og ser kulturomgrepet i vid forstand frå fleire faglege og vitskaplege perspektiv.
Kunstfagleg og kunstbasert forsking handlar om å skapa ny innsikt og kunnskap gjennom utøvande, estetisk og skapande praksis der estetiske læreprosessar, det sanselege, performative, multimodale og leikande står sentralt. Forskinga representerer eit syn på kunnskap der denne kan uttrykkast og finnast i kunstnarlege skapande prosesser og uttrykk – i bilete, forteljingar, fiksjon, lyd, sang, rørsle. Kunstbasert forsking vil såleis både opna for forsking på, for og i kunsten, men kan også nyttast av andre fagfelt som ynskjer å ta i bruk ein praksis- og kunstbasert metodologi for å utforska, samla og presentera data.
Forskinga er tett kopla til nasjonale strategiar og læreplanar, spesielt NOU 2026:10 Fellesskolen og til Fagfornyinga (LK20) der verdigrunnlaget for opplæringa seier at skulen skal leggja til rette for identitetsutvikling og kulturelt mangfald, skaparglede, engasjement og utforskartrong, og til kritisk tenking og etisk medvit.
Fagområde 2: Idrett, kroppsøving, mat & helse og naturfag
Forsking på idrett, kroppsøving, mat & helse og naturfag handlar om korleis menneske lever i kroppane sine, i naturen og i samfunnet. Difor har dei eit stort potensial til å påverke både læring, trivsel, helse, berekraft, demokrati og sosial rettferd – nokre av dei sentrale samfunnsutfordringane i vår tid. Faga kan til dømes samarbeida tverrfagleg for å forska på å førebyggje livsstilssjukdommar og utestenging gjennom inkluderande idrett, livslang rørsleglede, eit berekraftig kosthald og kritisk matforståing. Det vil vera forsking i programmet som er fagspesifikk og som rettar seg mot vitskapsfaga sin eigenart som treningsfysiologi, og ernæring, medan andre vil vera meir profesjons- og didaktisk retta mot kroppsøvingsfaglege og naturfaglege felt.
Forskinga innan dette området er ofte erfaringsbasert, situert og kontekstavhengig knytt til konkrete situasjonar, kroppar, relasjonar og omgjevnader. Kroppen, sansane og handlingane blir difor forstått som viktige kjelder til kunnskap.
Forskinga er tett kopla til nasjonale strategiar og læreplanar, spesielt gjennom det tverrfaglege temaet «folkehelse og livsmeistring» og «berekraftig utvikling» i Fagfornyinga (LK20) og til Stortingsmelding 34 «En mer praktisk skole».
Felles for fagområda
Fagområda har følgjande til felles:
- koplar teori til det praktiske og erfaringsbaserte
- har mennesket, natur, kultur og samfunn i danning som omdreiingspunkt
- legg til grunn skaparkraft, kreativitet og kritisk tenking som sentrale perspektiv i møte med sentrale samfunnsutfordringar som negativ utvikling i læring og trivsel, utanforskap og utsette barn og unge, folkehelse, berekraft, demokrati og medverknad.
Forskinga innan begge områda er forankra i nasjonale strategiar og problemstillingar som er relevante for lærarutdanning, skule, barnehage, idrettsliv og kultursektor, og Prest støttar og vil ta initiativ både til praksisnære prosjekt og større nasjonale og internasjonale satsingar. I framlegget til forskrifter for felles rammeplan for lærarutdanningane er kompetanse i å legge til rette for praktiske og varierte arbeidsformer og aktivitetar og praktisk og variert undervisning vektlagt for å styrke konsentrasjonen og motivasjonen til barn og elevar Dette utfordrar forskarar innan dei praktiske og estetiske faga til både einfagleg og fleirfagleg utvikling, og til samarbeid med studentar og aktuelle partnarar om innovasjon, utvikling og forsking.
Prest vil difor arbeida for utvida finansiering på områda og støtta disiplinfaglege og fagdidaktiske, praksisnære prosjekt i tett dialog og partnarskap med til dømes kommunesektoren og det frivillige idretts- og kulturlivet. Dette for å sikra at kunnskapen vert teken i bruk direkte i samfunnet. Den nære, men også den nasjonale og internasjonale forskinga skal møta konkrete kunnskapsbehov, utvikla kritiske perspektiv og bidra til utvikling av kunnskap som kan takast i bruk i utdanning og profesjonsfelt. Samstundes skal programmet stimulera til utprøving av nye idear og kritisk undersøking av etablerte praksisar og forståingsmåtar.
Prest skal kjenneteiknast av metodebreidde, med rom for kvalitative og kvantitative tilnærmingar, praksis- og kunstbasert forsking og kombinerte design som fangar både erfaringar, prosessar og effektar. Programmet byggjer også vidare på erfaring frå kunstfaglege forskingsformer (KFF), HVL sitt system for fagfellevurdering av kunstfagleg FoU-arbeid, og vil utvikle gode modellar for meritterande formidling også utover den tradisjonelle vitskaplege artikkelen.
Sentrale perspektiv i forskinga
Det kroppslege og sanselege: forsking på korleis kropp, rørsle, kritisk tenking, skaping og sansing inngår i kunnskapsbygging, danning, helse og praktiske og estetiske praksisar
Utøving og performativitet: forsking på kunstnarlege, idrettslege, naturfaglege og pedagogiske handlingar som skjer i konkrete situasjonar og kontekstar
Praktiske og estetiske former: forsking på uttrykk og praksisar der innovasjon, nye strategiar/medium, materiale, teknikk, form og uttrykksmåte er omdreiingspunkt.
Lenke til alle forskargruppene ved FLKI
Forskargrupper frå A - Å
- Analyzing and assessing linguistic multicompetence (AALM)
- Barnehage og profesjonsutdanning
- Barnehagen som (ut)danningsarena – barns, studenters og læreres aktivitet
- COMPETE
- Culture – Criticism – Community
- Danning – natur, kropp, bevegelse (Dannkb)
- Discourses of Gender and Sexuality (DoGS)
- Drama i Utdannings- og Samfunnskontekster (DUSK)
- Fleirkultur og interkulturell kommunikasjon i utdanningssystemet (FLEKS)
- Forhandling om fortelling
- Forskargruppe for innovativ teknologiutvikling i utdanning (FORITEK)
- Forskargruppe for lese- og skrivedidaktikk
- Fysisk aktivitet og folkehelse
- Grieg Academy Music Education (GAME)
- Idrett, helse og funksjon
- Idretts- og helsepsykologi
- Kairos – kunstnerisk utviklingsarbeid
- Kritisk demokratisk danning
- Kunstnerisk utviklingsarbeid i lærerutdanning
- Kvantegruppa – forskargruppe for kvantitativ utdanningsforsking
- Kvardagsliv i barnehagen
- Leiing i og av utdanningssystem
- Lesing, skriving og språkutvikling
- Litteraturdidaktikk
- LUMA – Læring og undervisning i matematikk
- Læring, kroppsøving og friluftsliv
- Makt, ulikhet og fellesskap
- Mat og måltid
- MaTecSus
- Matematikkdidaktikk i et kritisk perspektiv
- Materialitet i forskning og didaktikk
- Natur i barnelitteratur og -kultur (NaChiLitCul)
- ORITE - Oracy in Teacher Education
- PedLab
- Praktiske og estetiske fag og fagdidaktikk
- Profesjon, organisasjon og politikk
- Religion, kultur og livstolkning
- Research in Learning and Teaching (RiLT)
- Research in Pedagogical Entrepreneurship (RiPE)
- RETELL: Researching Teacher Education, Language and Literature
- Samskaping for bærekraftige lokalsamfunn
- Sang i danning - VoiceInFormation
- Science, Arts and Argumentation for future-making Education (SAAFE)
- SIRIUS - spesialpedagogisk forskergruppe
- Språk og samfunn
- Tegnspråk, tolking, lingvistikk og kommunikasjon (TOLK)
- Trening, utvikling og prestasjon
- Utdanning, demokrati og ulikhet
- Utdanning for bærekraft