Pedagogisk akademi ved HVL
HVL sitt Pedagogiske akademi blei etablert i 2026 med føremål om å støtte delingskultur, læringskultur og kvalitetskultur for utdanningane ved HVL. Akademiet er ein kollegial delingsarena på utdanningsområdet leia og driven av dei meritterte undervisarane, med fagleg og administrativ støtte frå Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU).
Pedagogisk akademi – 27 meritterte undervisarar
Ved HVL oppnådde 5 undervisarar status som merittert undervisar i 2022, 9 i 2023 og 13 i 2025. Desse 27 meritterte undervisarane utgjer det pedagogiske akademiet ved HVL.
Føremål
Til å byrje med blir akademiet sett på som ein møteplass for meritterte undervisarar for idéutveksling og erfaringsdeling, og eit samlingspunkt for pedagogiske og didaktiske aktivitetar som kan styrkje studiekvalitet og læringskultur ved HVL. Akademiet sin aktivitet skal kome dei meritterte sjølve, studentar, utdanningsleiarar og fagtilsette ved HVL til gode.
Strategiske satsingsområde
Dei strategiske utviklings- og utdanningsområda akademiet skal bidra inn mot i 2026 er:
- styrking av digital kompetanse og læringsdesign
- tiltak for å byggje sterkare kunnskapsbru til samfunnet
- styrkje forskinga til undervisarane i og på eigen praksis
- bidra til programutvikling og heilskap i HVL sitt studietilbod
- fremje studentaktive lærings- og arbeidsformer
- styrkje utdanningane si profesjonsorientering
- styrkje medvitet og arbeidet med å etablere gode læringsmiljø
Mandat
Mandat for pedagogisk akademi ved HVL er under arbeid, meir informasjon kjem her.
Koordineringsgruppa 2026-28
Koordineringsgruppa for perioden 2026–2028 er etablert, og har ansvar for å utvikle struktur, årshjul, møteplan og aktivitetar, samt å representere akademiet nasjonalt. Dei vil bruke meritterte som ressursar i faglege diskusjonar og utforske korleis akademiet kan påverke utdanningsverksemda på ein utfyllande og konstruktiv måte.
- Øyvind Glosvik (leder)
- Kari Håvåg Voldsund
- Karin Elisabeth Sørlie Street
Vara: May Britt Revheim Brekke og Marcin Andrzej Fojcik
Arrangementer
- 13. mai 2026: Samling for pedagogisk akademi på campus Kronstad, M130.
- 21. august 2026, kl 13-15: Digitalt møte i pedagogisk akademi
Aktuelt
- 1. september 2026: "HVL har etablert eit pedagogisk akademi," nyhendessak på HVL intranett Vestibylen
Denne nettsida om pedagogisk akademi ved HVL er under arbeid og blir jamleg oppdatert.





