Styre, råd og utval med ansvar for kvalitet

HVL har ei rekke råd og utval som i ulik grad har ansvar for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane. Her er oversikt over kva ansvar dei har i dette arbeidet.

Høgskulestyret

  • Styret har det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet ved HVL og for strategisk utvikling av den totale studieporteføljen på alle nivå.
  • Har det overordna ansvaret for at læringsmiljøet på institusjonen er fullt forsvarleg ut frå ei samla vurdering av omsynet til studentane sin helse, sikkerheit og velferd. 
  • Vedtar lokale forskrifter, instruksar og mandat for styre,
    råd, utval og funksjonar med ansvar og oppgåver i 
    systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane
  • Godkjenner årsrapport for HVL inkludert 
    resultatrapportering på sektormål om utdanning vurdering av framtidsutsikter

Læringsmiljøutvalet

  • Læringsmiljøutvalet Skal bidra til at føresegnene om Læringsmiljø i UH- lova blir følgt, og sikre studentane sin medverknad i prosessar som gjeld heile læringsmiljøet, både det fysiske, digitale, organisatoriske, pedagogiske
    og psykososiale læringsmiljøet.

Utdanningsutvalet

  •  Utdaningsutvalet  skal vere ein arena for erfaringsdeling
    og bygging av kvalitetskultur på tvers av fakultet og
    avdelingar i HVL.
    • Utdanningsutvalet skal drøfte, belyse og gje råd til rektor
    i strategiske og politiske utdanningssaker, og saker om
    sikring av kvalitet og relevans i utdanningane.
    • Utdanningsutvalet fattar vedtak i saker der mynde er
    delegert frå høgskulestyret eller rektor.
    • Utdanningsutvalet akkrediterer nye studieprogram og
    godkjenner vesentlege endringar i eksisterande program.

Sentralt ph.d.-utval

• Utvalet skal utarbeide og forvalte felles retningslinjer
og rutinar i samsvar med forskrift for graden
philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på
Vestlandet.
• Utvalet skal vere strategisk, samordnande og
rådgjevande organ for styret og institusjonen si leiing
når det gjeld forskarutdanning.
• Utvalet har delegert mynde frå styret i enkeltsaker

Les meir om Sentralt ph.d.- utval her.

Utdanningsutval på fakultet

Studieprogramråd

Ph.d.-programutval


Kontakt oss

Har du tilbakemeldingar eller spørsmål? Kontakt oss gjerne!

kvalitet@hvl.no