
Fadderkoordinator i Førde
Ønsker du å gi dei nye studentane våren 2027 og hausten 2027 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv, og vere med å skape engasjement i studentmiljøet?
Søker to fadderkoordinatorar ved campus Førde
Fadderordninga er noko av det første ein møter som ny student ved Høgskulen på Vestlandet. Fadderkoordinatorane skal samarbeide om å organisere og koordinere aktivitetar i regi av høgskulen, slik at alle nye studentar blir inkluderte på ein god måte.
Fadderkoordinatorane har ansvaret for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.
Fadderkoordinatorane har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i januar og august, samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av relevant informasjon.
Stillinga som fadderkoordinator er eit engasjement lønna med 80 timar* i lønnstrinn 35. Fadderkoordinator vil få attest og referanse til CV, dette er ein god mogelegheit for relevant arbeidserfaring innan leiing og koordinerande arbeid.
Søknadsfrist: 15. november 2026
Søknad sender du på e-post til: fadderansvarleg@hvl.no
Merk søknaden "Fadderkoordinator Førde".
Søkar må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte fadderansvarleg, Karoline Skare Øyerhamn
*Timane er fordelt med 60 timar ved studiestart i haustsemesteret og 20 timar ved studiestart i vårsemesteret.