KI-kompasset ved HVL – slik brukar du generativ KI i læring og vurdering

Dette er ei rettleiing for deg som er emneansvarleg, undervisar eller student. Ho viser når og korleis studenten kan bruke generativ KI på ein fagleg og etisk forsvarleg måte i vurderingsarbeid. Målet er å fremje reflektert og open praksis som støttar både læring og vurdering. Rettleiinga er pedagogisk og praktisk retta, og er ikkje utforma som eit juridisk dokument.

Viktig å vite

Forskrift om studium og eksamen ved HVL og HVL sine Retningslinjer om fusk gjeld for alle innleveringar, uavhengig av KI-kompasset.

Kva meiner vi med generativ KI? 

Generativ KI er verktøy som kan lage til dømes tekst, bilete, musikk eller kode. Sjå oversikt over tilrådde KI-verktøy for tilsette og studentar ved HVL her.

For emneansvarlege og undervisarar: Slik brukar du KI-kompasset 

  • Bestem nivå for KI-bruk for kvar obligatorisk læringsaktivitet (OLA) og for eksamen. 
  • Skriv nivå og ønskt dokumentasjon inn i oppgåveteksten. 
  • Gi studentane skriftleg informasjon i forkant om: 
    • kva nivå som gjeld 
    • korleis dei skal dokumentere KI-bruk 
  • Tilpass omfanget av oppgåva dersom dokumentasjon/refleksjon om KI-bruk skal vere ein del av teksten. Presiser dersom dokumentasjon skal liggje som vedlegg. 
  • Reglar for tilvising og referanse til KI-verktøy kan variere mellom referansestilar. Norsk APA-manual v.1.12 opnar for lokal tilpassing. Gi tydeleg beskjed om kva som gjeld i emnet.

Tre nivå for KI-bruk 

Emneansvarleg/undervisar bestemmer nivå for KI-bruk for kvar obligatorisk læringsaktivitet (OLA) og for eksamen. Du kan tilpasse omtalen av nivået til den enkelte oppgåva.  

1) Utforskande bruk av generativ KI 

Bruk dette nivået når du ønsker at studenten skal jobbe aktivt med generativ KI gjennom heile arbeidsprosessen. 

Studenten:

  • kan bruke KI-verktøy kreativt og kritisk til idear, tekst, bilete, kode, analyse m.m. 
  • kan bruke KI til å utføre analyse dersom heile prosessen er dokumentert 
  • har ansvar for innhaldet og må vurdere og stå inne for resultatet 
  • skal merke innhald som er tatt inn direkte frå KI (t.d. med sitatteikn, kursiv eller utheving) 
  • skal reflektere kort i teksten om korleis KI-bruken påverkar innhald, fagleg kvalitet, eigen læring og arbeidsmetode 

Dokumentasjon:

  • I metodekapittel eller vedlegg skal studenten oppgje kva verktøy som er brukt, korleis dei er brukt og kvifor. 
  • Dersom KI-bruk har innverknad på resultat, analyse eller funn, kan verktøyet bli vist til i tekst og ført i referanselista i tråd med emnet sin referansestil. 

2) Generativ KI som hjelpemiddel 

Bruk dette nivået når studenten kan bruke KI som støtte undervegs i arbeidet, men med klårt definerte avgrensingar. 

Studenten: 

  • kan bruke KI til språkvask, struktur, disposisjon og idégenerering 
  • skal ikkje kopiere og lime inn tekst direkte frå KI. Alt må omarbeidast og integrerast med eigne refleksjonar 
  • har fullt ansvar for innhaldet i innlevert tekst 

Dokumentasjon:

  • I metodekapittel, innleiing eller eigen del før referanselista skal studenten skrive kva verktøy som er brukt, korleis dei er brukt og kvifor denne bruken var formålstenleg. 
  • Dersom KI ikkje er blitt brukt, kan studenten skrive eit kort avsnitt om kvifor. 

3) Vurderingsarbeid utan bruk av generativ KI 

Dette nivået eignar seg best på eksamen med tilsyn (skuleeksamen, munnleg eller praktisk eksamen). På heimeeksamen, mappevurdering og oppgåver utan tilsyn er det vanskeleg å sikre at oppgåva er løyst utan KI. Nivået er difor mindre eigna i slike vurderingsformer. 

Dokumentasjon:

  • Ingen.

Tips til studentar: Slik dokumenterer du KI-bruk 

Plassering:

  • Dersom KI er brukt i analyse eller i framstilling av resultat (figurar, tabellar, tal m.m.): Dokumenter KI-bruk som ein del av oppgåveteksten der det er naturleg, for eksempel metodekapittel. 
  • Dersom KI er brukt til språk, struktur eller disposisjon: Eige avsnitt utanom sjølve oppgåva, for eksempel rett før referanselista eller i vedlegg. 

Innhald:

  • KI-verktøy (namn, eventuell versjon), dato og formål. 
  • Korleis du brukte verktøyet (kort beskriving av arbeidssteg). 
  • Vurdering av kvalitet og avgrensingar ved KI‑resultatet. 
  • Korleis du har kontrollert, redigert og validert resultatet. 
  • Eventuelle sentrale prompt (dersom relevant for å forstå arbeidsprosessen). 

Tilvising og referansar: 

  • Følg oppsettet og tilrådingane for referansestil i emnet (t.d. norsk APA‑manual v.1.12). 

Eksempel på dokumentasjon 

Desse formuleringane byggjer på nivå 1 og 2. Tilpass til di oppgåve. 

Nivå 1 – utforskande bruk: 

  • «Koden/algoritmane i oppgåva er utvikla med hjelp av [verktøy]. Eg har kontrollert, testa og kan gå god for resultatet.» 
  • «[Verktøy] er brukt til å framstille figurar, tabellar, talverdiar og liknande. Eg har forsikra meg om at framstillinga stemmer med mine data.» 
  • «Eit eller fleire bilete/figurar er generert med [verktøy]. Desse er tydeleg merka.» 
  • Andre typar bruk av generativ KI: spesifiser kort. 

Nivå 2 – KI som hjelpemiddel: 

  • «Eg skreiv førsteutkastet sjølv og brukte [verktøy] til språkvask og struktur. Eg har omarbeidd forslag frå KI og tek fullt ansvar for innhaldet.» 
  • «Delar av teksten er revidert og strukturert med hjelp av [verktøy]. Alt innhald er kontrollert og kvalitetssikra av meg.» 
  • «Nokre idear eller framgangsmåtar er foreslått via [verktøy]. Eg forklarer korleis eg har brukt dei i oppgåva.» 

Ressursar 

Om denne rettleiinga 

KI-kompasset er utvikla av KI koordineringsgruppa ved HVL. Den første versjon kom i september 2025 og heitte «Trafikklysmodellen». Denne reviderte utgåva, «KI-kompasset», blei godkjend av Utdanningsutvalet ved HVL 26.03.2026 og publisert på hvl.no 30.04.2026. I arbeidet har vi brukt ei KI-teneste frå OpenAI og verktøyet Klarspråkshjelpen frå NAV.