Zotero: Introduksjonskurs
Bergen, D130
Biblioteket tilbyr introduksjonskurs i referanseverktøyet Zotero via Zoom. Zotero er eit gratis referanseverktøy som hjelper deg med å samle og organisere referansane dine, samt lage korrekte tilvisingar og litteraturliste i tekstane dine. Her får du ein kjapp gjennomgang av dei viktigaste funksjonane som kan gjere referansearbeidet ditt enklare.
Meir informasjon om Zotero finn du på bibliotekets Zotero-sider.
Det er avgrensa med plassar, og vi ber difor om påmelding. Kurset vert ikkje gjennomført ved for få deltakarar (minimum 3 stk.).