Forskingsdagane: Paneldebatt: «Forsking og tillit i KI sin tidsalder»
Kunstig intelligens har gjort sitt inntog i akademia og forsking. På den positive sida kan KI bidra til nye metodar og løysingar, og gjere forsking meir nøyaktig og produktivt. Men KI dreg òg med seg nokre problematiske sider slik som dårleg kvalitet, brot på etiske reglar, falske referansar og juks. Sjølv om tilliten til forsking er ganske høg i Noreg, kan den negative utviklinga før til meir skeptisisme og mindre tillit til forsking.
Korleis skal forskarar handtere dette?
Få med deg den interessante paneldebatten der fire forskarar deler og diskuterer sine erfaringar og meiningar om temaet!
I panelet: Tom Erik Jorung Solstad (ordstyrar), Kamilla Hauknes Sjursen, Pål Berg Svenungsen og Tina Vrieler.
Pål Berg Svenungsen er førsteamanuensis i historie med spesialkunnskap på mellomalderen, særleg vikingane, kulturmøte, religion og korstog. Er ivrig historieformidlar på sosiale media, gjerne med hjelp av Lego. Han legg ikkje skjul på at han er ganske kritisk til KI.
Kamilla Hauknes Sjursen har i doktorgradsarbeidet nytta maskinlæringsteknikkar i utforskinga av massebalansen til norske isbrear. Har òg erfart minussider ved kunstig intelligens, til dømes der KI har vorte brukt på uheldige måtar i fagfellevurderingar.
Tina Vrieler er forskar ved Vestlandsforsking, og har sett nærare på korleis born si bruk av datateknologi som KI, blir forma av sosiale og kulturelle ressursar. Ho er oppteken av å byggje inkluderande datavitskaplege læringsmiljø.
Tom Erik Jorung Solstad er forskar på idrettsfag og er mellom anna oppteken av å involvere fleire studentar i forsking. Han er òg kjend som ein av opphavsmennene bak podkasten Idrettsforskning, saman med Matthew Shaw, og bidreg slik til nyttig formidling av forsking. -Men kva meiner Tom Erik om KI?
