
FIN læring
FIN læring er ei forskargruppe for læring, undervising og utdanning ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Denne sida er under oppdatering.
Gruppa samlar undervisarar og forskarar frå fleire fakultet og campusar som vil utvikle og undersøkje eigen undervisningspraksis – i ingeniørfag, helsefag, eigedomsfag og andre profesjonsutdanningar.
Vi spør kva studentane treng for å lære godt når mykje av kunnskapen er fritt tilgjengeleg på nett, og kva lærarar og fagmiljø kan tilby som teknologi åleine ikkje kan. Teknologien skal støtte læringa og læraren, ikkje erstatte fagleg vurdering eller kontakten mellom student og lærar.
FIN læring er først og fremst ein møteplass. Gruppa samlar folk med felles interesser, gir rom for å drøfte og utvikle idear, og kan frå 2026 gi små midlar til å kome i gang. Prosjekta blir drivne, finansierte og publiserte av medlemane sjølve, ofte saman med andre fagmiljø og partnarar.
Namnet har ei historie: FIN var forkortinga for det tidlegare Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Fakultetet heiter i dag noko anna, men namnet har vi teke vare på.