Demokratisk medborgarskap i lærarutdanninga

Sigrid Haukanes disputerer fredag 24.10.2025 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Rom for øving? Demokratisk medborgarskap mellom teori og praksis i lærarutdanninga».

Avhandlnga i Nasjonalt vitenarkiv

Demokratisk medborgarskap er gjennom Kunnskapsløftet 2020 eksplisitt framheva som eit overordna føremål for opplæring i grunnskolen. Eit sentralt spørsmål har dermed vore kva dette føremålet betyr for undervisningspraksis. Spørsmålet er omstridd fordi det finns ulike, og til dels motstridande, forståingar av demokratisk medborgarskap. Forsking på dette feltet har i stor grad retta seg mot skolekonteksten. Mindre merksemd har vore via til tydinga av utdanningsføremålet i lærarutdanninga. 

Å øva på å undervisa 

Haukanes undersøker korleis demokratisk medborgarskap vert forstått i konteksten av ei praksisbasert lærarutdanning. Ph.d.-prosjektet er tilknytt forskingsprosjektet Rehearsing Teaching Professionally (ReTPro) som har implementert øvingssyklusar i eit lærarutdanningsprogram. Desse syklusane inneber at lærarutdannarar gjennomfører og forklarar utvalde undervisingsaktivitetar, som lærarstudentane deretter øver på å gjennomføra sjølve. Studentane øver først gruppevis med kvarandre på campus, og sidan med ekte elevar i skolen.  

Øvingsrommet viser til eit fysisk rom på campus som er tilrettelagt for videoopptak av øvingar, men er først og fremst ein metafor for ei praksisbasert tilnærming i lærarutdanninga. Med ein gjennomgang av tidlegare lærarutdanningsforsking synleggjer Haukanes spenningar mellom ulike praksisbaserte tilnærmingar og kritiske perspektiv. Eit døme på dette er kor vidt det å ta i bruk undervisningsmetodar, som vert oppfatta som demokratisk orienterte, i seg sjølv er tilstrekkeleg for å vareta føremålet om demokratisk medborgarskap. 

Samhandling eller samfunnskritikk? 

Gjennom ei kvalitativ tilnærming, basert på intervju med eit utval lærarstudentar og lærarutdannarar, viser avhandlinga at demokratisk medborgarskap i hovudsak vert forstått i lys av undervisingsmetodikk som tek sikte på å fremja inkludering, deltaking og samhandling i klasserommet.  

Lærarutdannarane og fleirparten av lærarstudentane framhevar det å våga å vera utforskande i undervisinga. Dei fortel at øvingssyklusen kan vera ein trygg struktur for å oppnå dette. I avhandlinga vert forståinga av demokratisk medborgarskap slik den er kommunisert av deltakarane i Øvingsrommet tolka i lys av demokratiet som ein sosial praksis. Demokratisk medborgarskap vert noko som går føre seg i klasserommet, og tydelege koplingar til samfunnet og verda utanfor skolen er dermed ikkje gitt.  

Avhandlinga peiker på skilnaden mellom ein sosial og ein kritisk dimensjon av demokratisk medborgarskap. Ein kritisk dimensjon av utdanningsføremålet rommar samfunnskritiske og maktkritiske perspektiv. Avhandlinga argumenterer for at lærarutdanninga bør skapa rom for dette, m.a. for å rusta framtidige lærarar til sjølvstendig deltaking i utdanningspolitiske diskursar. 

Kontroll av kvalitet i lærarutdanninga 

Haukanes diskuterer spenningar mellom øvingssyklusane sitt rasjonale og ei demokratisk orientering i lærarutdanninga. Syklusen legg opp til at lærarstudentar øver på evidensbaserte kjernepraksisar. Desse er m.a. forstått som effektive undervisningspraksisar for å heva elevane sitt læringsutbytte, uavhengig av konteksten dei vert praktiserte i. Forskarar som har fremja og utvikla dette rasjonale kommuniserer eitt av fleire mål som å sikra kontroll av kvaliteten i lærarutdanninga. Haukanes problematiserer ei slik tilnærming gjennom å diskutera kor vidt ein med dette risikerer å fremja eit instrumentelt praksissyn i lærarutdanninga, og kor vidt øvingssyklusen sin struktur vernar om kritiske perspektiv.  

Gjennom avhandlinga argumenterer Haukanes for at ei instrumentell tilnærming i lærarutdanninga kan kontrastera ei demokratisk orientering. Instrumentalisme kan forsterka ubalansen i makttilhøvet mellom campus og praksisfeltet, risikera å oversjå undervising som ein kontekstuell og relasjonell praksis og potensielt svekka føresetnadane for å utdanna myndige profesjonsutøvarar.  

Eit portrettbilde i svart-kvitt av Sigrid Haukanes, ein person med lyst hår, kledd i kvit skjorte. Sigrid ser mot kamera og smiler.
Foto: Inger Nordhagen/Ideas2Evidence

Personalia 

Sigrid Haukanes er utdanna lektor med mastergrad i historiedidaktikk og har tidlegare undervist samfunnsfaglege emne. Sidan 2022 har ho vore kandidat ved ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (HVL). 

Disputas 

Tid: Fredag 24. oktober kl. 10.30. 

Stad: HVL, campus Bergen, M005. 

Prøveførelesing 

Tid: 24. oktober kl. 9.00.  
Stad: HVL, campus Bergen, M005.

Tema: Samspelet mellom teori og empiri i kvalitativ forsking og forskinga sin relevans for lærarutdanninga.

Prøveforelesing og disputas er open for alle interesserte. Prøveforelesing og disputas vil gå føre seg på norsk. 

Disputasleiar

  • Prodekan for forsking Tiri Bergesen Schei.

Lenke til strøyming (Zoom)
Passord til Zoom: 680921

Vurderingskomité 

  • Lektor, ph.d. Anders Stig Christensen, UCL Erhvervsakademi og professionshøjskole, Danmark (førsteopponent)
  • Professor emerita Marit Ulvik, Universitetet i Bergen (andreopponent)
  • Professor Sissel Rosland, Høgskulen på Vestlandet (komitéleiar) 

Rettleiarar 

  • Førsteamanuensis Hein Berdinesen, Universitetet i Stavanger (hovudrettleiar)
  • Professor Vigdis Vangsnes, Høgskulen på Vestlandet (birettleiar)